Kajakkompaniet

Terminliste

Kontakt oss

Linker

Kursholdere

Bilder

Velkommen til havkajakkurs Kajakkompaniet!

Vi held til i Trondheim og har kajakkurs som spesialitet. Kjennetegnet vårt er eit bredt kurstilbod og høgt utdanna kurshalderar med lang padle- og kurserfaring. Trond held og padlekurs for Norges Padleforbund (NPF) og er leder i Teknisk komite hav i padleforbundet , så her er alle kurs oppdatert. Leif er med sine 50 års padleerfaring ei høgst levande padlelegende i Midtnorge. Begge to har m.a. padla Norge på langs.

På denne nettsida finn du terminlista over våre kurs, og litt meir informasjon om kurshalderane. Bilder frå enkelte av kursa finn du og. I tillegg er det ei side med linkar til interessante kajakksider der du finn informasjon om teknikk, kjøp av kajakk eller kva som foregår i padleforbundet. Hos oss kan du ta kurs på alle nivå. Kursa drivast etter Norges padleforbund (NPF) sin kursstige, det vil si at alle kurs gjev padleforbundet sitt våttkort.

 NPF Introkurset, eit fire timars kurs,  er ikkje satt opp på årets terminliste, men grupper kan få det på forespørsel.

NPF Grunnkurs Eit svært grundig 16 timars kurs som gjev ei god innføring i grunnleggande padle og redningsteknikkar. Grunnkurset er ein svært god start for deg som ønsker å få havpadling som fritidsaktivitet.  Meir erfarne padlerar vil imidlertid og kunne utvikle kompetansen som padler på dette kurset.

NPF Teknikkurset på 16 timar følger deretter. Her bygger vi vidare på kunnskapen frå nybegynnerkurset, og går  vidare med meir avanserte padle og redningsteknikkar, samt eigenredningsteknikkar.

NPF Aktivitetsleiarkurset er det mest avanserte kurset Kajakkompaniet kan gje. Som navnet seier vil du på dette 16 timars kurset lære å leie kurs på lågare nivå, men kurset går og vidare med eigenferdigheit.

Kurs over dette nivået får du kun tatt hos Norges Padleforbund. På billedsida vår vil du og finne bilder frå Vidaregåandekurset og Veiledarkurset som må takast gjennom Norges Padleforbund. Dette fordi Trond, som er veiledar i Kajakkompaniet, og er bruka som kurshaldar i padleforbundet.